Saturday, August 7, 2010

Fra arkivet

Eg og Sandra

Laurdag kveld, 2005. Klokka nærmar seg ni.
Eg hysjar alt eg kan, men handa hennar jobbar som ein tornado nedi stjerneposa, det er ikkje råd å få ho til å vere knyst stille. Den gongen eg spurde henne om kor hu hadde fått tak i stjerneposane kan eg hugse ho sa noko om opphørssal på S-laget der ho kom frå. Men korleis ho enno kunne ha nokre posar igjen var eit mysterium. Og kva smakar eigentlig søtsaker 20 år etter tilverking?

Stjerneposa er ei lita fotnote i denne forteljinga, men på mange måtar ein viktig ein, for i kveld kjem eit ikon frå stjerneposa si generasjon på tv. Sandra Kim er eksklusiv gjest på Momarka i kveld. Det skal bli fint å sjå ho att, eg var jo berre ti år den gangen ho vann Eurovision Song Contest i Bergen, og i kveld kjem ho på skjermen. Hysj! No må me vere stille. Eg pressar hardt på ”ON”, volum opp. Sånn ja, det var fort betre. Om den utgådde stjerneposa har blive sur så kan eg lova at den nye høgdefinerte breiskjermen min smakar av ekte farin. På ei måte er eg glad for at Sandra venta 19 år på å visa seg igjen, ho forten ei betre skjerm enn ho fikk i 1986. Men som dei seier, the show must go on, tilbake til programmet.


Eg blir på ei måte paralysert der eg sitt og glor på ho lisle jenta som vann den europeiske musikkappleiken i 1986. Visst hugsar eg godt alle gutane i klassa mi var veldig oppteken av den belgiske ungjenta som panisk song om hugleik for livet. Sjølv var eg vel ikkje heilt likegyldig heller, trots alt var ho berre 14 år medan vi var 10, og vi meinte difor klart at det ikkje var umogleg hugleik, fire år er jo ingenting. No var altså Sandra tilbake etter 19 år, denne gong på Momarka. Sandra var ikkje lenger 14 år gamal, og ikkje hadde ho rosa bukser og kort hår. Nei, no så ho mest ut som ei independent woman, og eg vil tru ho har eit par tre barn, er skild og arbeider på ein røykfyld bar i Gent, Brügge eller Brüssel, eller kan hende på ei kanalferge. Det var som om litt av glansa hadde blese av, og eg såg jo kor hardt ho prøvde, men det var som om den Sandra eg ein gong kjende hadde forlate meg. Eg fella ei tåre og tenkte: in my dreams, and in your dreams! Og ho var jo heller aldri i nærleiken av Vanessa Paradis som song om taksi-Jon.


Eg legg meg og trur at eg skal søva godt i natt. Kan hende eg skal tenkje litt på Sandra Kim, litt på Vanessa Paradis, og litt på jenta frå verdsrommet, Majka, ho det glitra så vent av, og det sjølv om ho kom frå eit av dei grå landa øst for Berlin. Ein kar på verdsveven skriv at i Vietnam var ho Majka så omtykt at ho starta ein våge av liknande hårklipp på 80-tallet. Så bestemmer eg meg for å ombestemme meg, eg hadde jo tenkt å søva. Det siste eg høyrer før auga sig saman er knitringa frå stjerneposa. Eg konkluderar med at søtsaker tilverka for 20 år sidan, skal ein halde seg langt unna! Så hysjar eg litt litt til før eg fell i svevn.

http://open.spotify.com/track/1nazrrUvlyrT5ZiOe6c6ih

No comments:

Post a Comment