Monday, October 5, 2009

No train to Stockholm

Det eg her skal fortelje er ein historie frå røynda, men eg er i et nynorsklitterært lune i kveld (det må vere på grunn av fullmånen), så det blir ein ekstra vri.
For å lage ein liten innleiiing, har eg snurra nokre imaginære bilete gjennom hovudet mitt, eg må ha dei til hjelp .

Settinga er ein liten by, eller meir som eit boligkompleks i ein forstad - eit perfekt døme vil vere den frå Edward Saksehand. I denne byen bur det fleire lykkelege familier, dei smiler i kapp med solen rett som det er.
Det er søndag. Heimefrua i hus nummer 1 rettar litt på fuglereiret ho har på topplokket, så roper ho.
- Trygve! kor er du? der er inkje svar å få frå Trygve.

I huset til naboen hendar det same.
- Einar kom her! skrik ho mot garasjen.
Men han kjem ikkje...

Ein kan no høyre det nedover heila gata
- Wilhelm! - Kåre! - Gunnar!
men ingen kjem, ingen svarar. Kor er dei?

Det er no eg kan avsløre løyndomen. I ein stor idrettshall på Slettebaken, i bydelen Landås, i Bergen, samlast menn i sin beste alder - minst ein gong i året.
Og der er dei alle mann, Trygve, Leif, Kåre, John osv. Men dei er ikkje aleine. Trygve Jr, Leif Jr, Kåre Jr. osv, er og med - iallfall opp til dei blir 16, då legg dei fleste dette ritualet til side. Men det ligg latent heilt fram til dei igjen vaknar, som vaksne menn i den lisle forstadbyen.

Vi er då fremme ved avsløringa - tada! (litt trommevirvel... sssss)
Modelljernbanemesse!


Ja her var litt for båe store og små, og noko attåt. Store sirklar av skinner plassert på høge bord, nokre tydelig avgrensa med gjerde, slike ein mellom anna brukar på flyplassen. Ja, ein vil jo ikkje at noko skal gå knas?
På innsida av desse sirkulære oppsatsane, står eit arsenal av fokuserte menn med kvar sin styrekonsoll i handa. Dei utvekslar korte og konsise ordrar.
- Eg sendar ho inn på spor 2 no, tar du over?
- Den e grei, eg har kontroll.
- Kven har colaen?

Slik går dei, fram og tilbake, rundt og rundt. Borte i kroken er eit lite bord, bygd i ein høgd som passar dei minste. Der kan dei kjøre lokomotivet Thomas i ein liten sirkel, før dei tar til å hyle - der er jo fleire som vil prøve.
Og slik rullar dagen, for ikkje å seie heile helga, forbi. "Det går alltid et tog", seier dei hos NSB, medan andre liker å seie at "toget er gått". For min del ligg toget trygt plassert i eit skap, meir blir det liksom ikkje av den hobbyen. Då er det ekstra fint å kunne drøyme seg vekk på messa, til den hypnotiserande lyden og lukta av ekte modelljernbane.


(tittel på innlegget var ein referanse til ein fin song, om du undrar)

No comments:

Post a Comment